-
To skotskar på rad 2:250:00/2:25
-
0:00/2:39
-
0:00/2:53

Kva er ein kjøkenslått?
Eit påfunn
Eit kjøken veit vi kva er. Ein slått er namnet på ein dansemelodi for fele. Når slike slåttar har eit liv på eit kjøken - då må det jo bli kjøkenslåttar.
I dette huset, på Nerbøstranda på øya Gossen på romsdalskysten finst eit kjøken som tilhøyrde Andreas og Julie Nerbøstrand. I dag har dei nye eigarane, Marit Krohn og Knut Obert Huse bygd ein fritidsbolig som omfamnar det gamle huset som stod her.
I det gamle kjøkenet sat eg mange år frå 1972 og lærde slåttar og visetonar av Andreas. I det nye kjøkenet, som har teke fint vare på den stemninga som var - fekk vi lov å spele inn Andreas-slåttar hausten 2018.
Dette er melodiar som høyrer til her- og fortel om Andreas som hadde framsyn til å gjere lokal folkemusikk og tradisjonar levande for nye tider.
Ringen er slutta.
Arild Hoksnes
CD for salg og nedlasting ute frå 2.mai


